Av Gunnar Hæreid
I staden har dei vore gjennom uhell, konkurs og hand-til-munn-tilvere i årevis. Det går lang tid mellom kvar plate, men gong på gong kjem dei att med eit nytt blinkskot. ”In the Music” er kanskje den beste sidan ”I’ve Seen Everything” frå 1993.
Musikkavisa NME ville ha dei på framsida, og dei selde over 100 000 eksemplar i USA av debutplata ”Cake” i 1990. Sidan gjekk det meste på tverke, i alle fall målt i platesal, for Trashcan Sinatras. Hadde det ikkje vore for ein liten, men svært entusiastisk fanbase, ville det neppe vore noko meir å høyra frå dei etter ”A Happy Pocket” frå 1996. Men dei kom sterkt tilbake med ”Weightlifting” i 2004, og endå sterkare no med ”In The Music”.
Musikalsk ferdast dei i same landskap som Prefab Sprout, Smiths eller Travis, med vekt på gode melodiar, eit fyldig lydbilete og vokalharmoniar. På ”Should I Pray” får dei hjelp av sjølvaste Carly Simon til harmoniane. Songen er tidlegare spelt inn av Eddi Reader, syster til vokalist Francis Reader og sambuar med gitarist John Douglas, men Trashcan Sinatras gjer han hakket betre enn den tidlegare vokalisten i Fairground Attraction. Elles er songane inspirerte av diktaren Robert Burns (”I Hung My Harp Upon the Willows”), Syd Barrett frå tidleg Pink Floyd (”Oranges and Apples”) eller rett og slett kjærleiken. Dei absolutte høgdepunkta er den raske ”Morning Star”, den tunge og dvelande ”The Engine” og den lettbeinte ”I Wish You’d Met Her”. Men også resten av plata held mål i massevis, og plata burde vera eit obligatorisk innkjøp for den som likar melodiøs og intelligent popmusikk.
www.trashcansinatras.com
http://www.myspace.com/thetrashcansinatras
http://en.wikipedia.org/wiki/The_Trash_Can_Sinatras





