Morrissey på autopilot - men kva gjer vel det?


Av Gunnar Hæreid
SENTRUM SCENE, OSLO: Mannen som fann opp sutrepopen gjorde reint bord torsdag kveld. Han kom, han song, og han vann publikum, sjølv om det langt på veg går på autopilot.

The Smiths vart aldri store i Noreg. Heller ikkje var det mange som brydde seg om Morrissey då han gjekk solo. Men det var før Frode Grytten. I romanen Bikubesong gjorde Grytten pop-ikonet Morrissey kjent for det norske folket. Teaterstykket som har gått i over to år på Det Norske Teatret følgde opp. Konserten på Sentrum Scene vart difor utseld på nokre få timar, og det vrimla av hippe kjendisar frå musikkverda, fjernsyn og film blant publikum. Det er tydeleg at han endeleg har slege gjennom i steinrøyslandet.

Publikum i ekstase

Når han entrar scena er det ikkje tvil om kven som er sjefen. His Mozness har kledd opp bandet sitt i like lyserosa skjorter, medan han sjølv stiller i mørk. Det startar også storveges med The First of The Gang To Die, største hiten frå førre plate You Are the Quarry, og deretter den gamle Smiths-klassikaren Still Ill. Publikum er i ekstase, med god grunn.

Nedturen

Så byrjar nedturen med songane frå den nye plata, Ringleader of the Tormentors. Trass i at plata berre har vore i sal i fire dagar, er publikum godt kjend med songane. Men dei slår likevel ikkje så hardt som dei eldre. Singelen You Have Killed Me set ingen spor, og heller ikkje The Youngest Was the Most Loved og In The Future When All’s Well er så mykje å ropa hurra for. Når han set i gong I Like You frå You Are the Quarry går det framover. Dei av oss som har studert settlistene frå tidlegare konsertar på turneen, blir likevel litt skuffa når me skjønar at I Like You kjem i staden for Reader Meet Author.

Opningssongen frå siste plata, I Will See You In Far Off Places følgjer som ein mur av lyd. Stemninga tek seg opp att. Diverre er det få av publikum som kjenner My Life Is An Endless Succession Of People Saying Goodbye, B-sida frå The First Of The Gang To Die-singelen. Songen gjer seg betre enn dei songane frå siste plata som han har vore gjennom, men eg tek meg likevel i å sakna ei andrestemme som kan løfta den vare songen opp på eit høgare nivå.

Ingen kan syta som Morrissey

Så tek det av. Både på Girlfriend In A Coma og Let Me Kiss You er det allsong. His Mozness viser til fulle kva scenepersonlegdom han er. Den lange Life Is A Pigsty frå siste plata blir eit nytt høgdepunkt. Ingen kan syta slik som Morrissey. Når han tek opp att og opp att at livet er ein svinesti, er det ingen i salen som tvilar eit sekund på at han har rett. Han
går opp i falsett, og alt er så trist, så trist.

Etter dette er Trouble Loves Me like malplassert i settlista som tittelen på plata songen er henta frå, altså Maladjusted. Det hjelper litt, men ikkje mykje, at keyboardisten lagar eit intro til songen basert på synth-temaet til Take On Me av a-ha.

Heldigvis er det ikkje slutt med dette. Når han spelar How Soon Is Now? oppfyller han ein kvar gamal Smiths-fan sin våtaste draum. Det er berre ei innvending, at avsynginga er heilt lik originalen, og heilt lik innspelinga frå live-plata som kom i fjor.

At Last I Am Born og I Just Want To See The Boy Happy syner at siste plata har sine kvalitetar likevel. Etter ein energisk versjon av Irish Blood, English Heart frå You Are The Quarry forlet hovudpersonen scena med bandet etter seg.

Det tek ikkje lang tid før han kjem inn att, til trampeklapp. Morrissey og bandet bøyer seg i støvet for det entusiastiske publikummet. Og om avslutninga, Last Night I Dreamt That Somebody Loved Me, er berre eitt ord som treffer; strålande! Her får han verkeleg synt kva som bur i han som crooner. Bandet løyser også på snippen i avslutninga.

Dei av oss som har sett han før, veit at det er slutt med dette. Han syng aldri meir enn eitt ekstranummer. Dei fleste vandrar vel nøgde ut i den kalde vårnatta. Men nokon av oss kjenner oss likevel litt snytt.

Autopilot heile tida?

Kvifor må han gjennom ordinære songar som Trouble Loves Me og In The Future When All’s Well? Kvifor kan han ikkje ta ein song eller to frå meisterverka Viva Hate eller Vauxhall And I? Kvifor kan han ikkje variera arrangementa frå plateinnspelingane? Må det gå på autopilot heile tida? Ein skulle jo tru at medlemmene i bandet ønskte å improvisera litt, eller ønskte å skapa nye tolkingar av songar andre (les: Johnny Marr) har skrive og arrangert på 80-talet. Kvifor må bandmedlemmene vera så anonyme?

På andre sida er Morrissey kongen på scena. Han har autoritet nok til å skifta skjorter i reinaste Elvis-stil. Eine skjorta kastar han ut til publikum etter å ha turka seg rein for sveitte.

Det tek to-tre songar før slostkampen ved scenekanten stilnar, og alle har fått sin vesle flik av skjorta. Han prøver seg på nokre få norske gloser med ”takk”, ”har dere det bra?”, og legg til at ”my name is Morten Harket”. Men då han prøver seg med ei lengre historie om artisten Nicole frå Trondheim, er det få som klarar å følgja han.

Betre jo eldre han blir

Det beste med konserten er likevel at han syng betre og betre jo eldre han blir. Når han når den klokkeklare falsetten i Life Is A Pigsty eller Last Night I Dreamt That Somebody Loved Me, er det berre å konkludera med at eg stiller opp neste gong han kjem att. Og neste deretter òg, for den del. Sjølv ein Morrissey som delvis går på autopilot, er betre enn det aller meste.

Tags:

the smiths ...1 og ...2

det her e kanskje som å banne i kirka, men skitt heller(banning i kirka e nok verken morrisey eller resten av bandets biggest consern). så here I go: e du helt uten plate, men digge med når du høre eller kjenne igjen smiths: kjøp de der the smiths- volume 1 og 2. da får du alt smøret på den første og alt flesket på den andre. da girlfriend in a coma, charming man(mitt første møte med smiths) eller the queen is dead. om du da etter hvert ende opp med å ha den på repeat og/eller shuffle på ipoden, går du over til hvert album. det blir ikkje flaut å spørre om akkurat denne samleplata i platebutikken, for om de vet sitt eget beste, så e de bare glad for at de har vunnet dæ over til den gode sia, samleplate eller ei. lykke til. og husk: meat e som oftest murder. så det.

trine

Morrissey

Yngve Bergheims bilde

Fabelaktig Morrissey-anmeldelse! Burde ha vært på konserten selv :-) Jeg er en stor Smiths-fan men har enda ikke kjøpt en eneste Morrissey-skive. Hvilket album burde jeg starte med?

Dei viktigaste Morrissey-platene

Du bør starta med Vauxhall And I og deretter Viva Hate. Berre hugs på at den siste har fått lagt til 7-8 bonusspor av ujamn kvalitet. Høyr dei 12 første spora som opphavleg var på Viva Hate, før du går laus på bonusspora. Deretter vil eg tilrå singelsamlinga Bona Drag, det såkalla kunstrockalbumet Southpaw Grammar. Dei nyaste albuma You Are The Quarry er etter mitt syn ujamne. Dei svingar frå tre-fire spor på høgde med det beste frå tidlegare, til tre-fire spor som aldri hadde vore i nærleiken av å koma på ei b-side til ein obskur Smiths-singel.

Gunnar Hæreid

the smiths ...1 og ...2

Viss ein først skal ut på samle-CD-galeien er The Very Best of The Smiths eit endå betre kjøp. Denne er for tida å få til nice price. CDen har 23 spor.

Best 1 og Best 2 har 14 spor kvar (dei 23 som er på The Very Best of + altså fem andre). Begge CDane er for tida fullprisCDar. Ein kan jo nøya seg med The Very Best til boksen kjem ut, i år eller neste år. Der skal alle utgjevne songar vera med. Det blir spanande å sjå kva uutgjevne spor som dukkar opp i tillegg. Gunnar Hæreid

Om Gunnar Hæreid


Fullt navn
Gunnar O. Hæreid

Fødsesdato
1 jan 1900

Motto
Elvis lever!

Vis fullstendig brukerprofil

Io.no – Et lite søk unna!
Finn bedrifter i Tromsø.

Liker du å dra på konserter, kino eller teater?

Bli med i TromsoBy.no da vel :-)