Finnmark rundt, del 2: Vadsø - Berlevåg - Tana - Honningsvåg


Av Gunnar Hæreid
Filmen Heftig og begeistret har gjort såpass inntrykk at valet er lett...


Dag 3: Vardø – Hamningberg – Vadsø

Det regnar. Me ruslar rundt i Vardø, byen som ligg lenger aust enn Istanbul. Hus står til nedfalls mitt i sentrum. Trist. Men folk verkar i godt humør. Me går inn. Museum er tingen på regnversdagar. Vardø museum på Lushaugen har utstillingar om byhistoria, Nansen og heksene. Dei to første er interessante, den siste vanskeleg å bli klok på. Pomormuseet viser samkvemet med russarane. Me droppar Vardøhus festning i regnet.

Me kan ikkje venta lenger. Skal me til Hamningberg, må me berre køyra, sjølv om det regnar. Landskapet endrar seg utover. Me har ikkje sett tre på ei stund, men no forsvinn også annan vegetasjon. Svarte klipper dukkar opp. Dei vert høgare og høgare, og meir og meir sundrivne. Den smale vegen buktar seg mellom dei. Sau og rein beitar på dei få grastustane som finst. Det opnar seg bukter og viker med kvite sandstrender. Me har ikkje sett noko liknande. Det er slik me tenkjer oss at det kan vera på ein annan planet. Vakkert!

Rein ved Hamningberg Reinsflokkane dukkar opp oftare og oftare. Dei småe hyttene klorar seg fast langs vegen. Det vert tettare mellom dei, og me skjønar at me nærmar oss Verdas ende – eller Hamningberg om du vil. Dei har laga kafé i eine huset. Hurra! Dei sel ikkje mat, men me får lov til å eta nista vår der, før me går laus på dei knallgode vaflane som dei lagar til oss. Det er godt å sitja inne og sjå ut på regnet. Men me innser at me må ut. Me må rusla litt rundt i fiskeværet før me reiser attende. Det blir ei våt oppleving. Regnet piskar rundt oss. Våte og kalde køyrer me attende til sivilisasjonen frå denne utposten i verda. Me lèt regn vera regn, og stoppar ved klippene for å ta bilete. Tanken om å klatra opp klippeveggene for å få skikkeleg utsyn, er sterk, men vinden og regnet har for stort overtak.

Maten på Affas kafè og pub i Vadsø blir ei positiv overrasking. Eksotiske og heimelaga variantar av kjukling- og hamburger smakar godt. Me ser semifinale i fotball-VM på Bajasso. Det er god plass også her. Ikkje meir enn tre-fire sjeler ser kamp, medan nokre av venninnene til servetrisa er innom for å halda henne med selskap. Ho sukkar over at folk i Vadsø ikkje går ut, og dersom dei går ut, kjem dei i alle fall ikkje før lenge etter midnatt. Då kampen er slutt forlèt me lokalet som dei siste gjestene.

Det har slutta å regna, men det er så vått på bakken at me tek ikkje sjansen på telt. I staden leiger me eit rom i eit privathus, hjå veninna til eigaren av gjestehuset som alt er fullt.

Filmen Heftig og begeistret har gjort såpass inntrykk at valet er lett.

Dag 4: Vadsø – Varangerbukt – Kongsfjord – Berlevåg – Tana bru

Me har ikkje avtala noko om frukost, men fru Brevik diskar opp med heimelaga saltlaks og det meste anna. Ho kjenner kvar krik og krok i regionen, og me nyttar høvet og pumpar ho for alt me har lurt på. Ho var med på å gøyma seg for tyskarane under tvangsevakueringa i 1944, og me får ein liten gløtt inn i ei verd som er vanskeleg å tenkja seg. Det er nesten som me ikkje har lyst til å riva oss lause frå forteljingane. Me kan vanskeleg tenkja oss at me ville fått like mykje og like god informasjon om området på turistkontoret.

Før me forlèt Vadsø utforskar me hustuftene og luftskipmasta på Vadsøya. Det hadde vore moro å klatra opp, men vindkasta overtalar oss til å lata vera.

Fugleberget og dei gamle spora etter samisk busetnad og religionsdyrking på Mortensnes, er vel verd å få med seg. Trass i at me byrjar å bli litt lei av museum, stoppar me på det samiske museet i Varangerbotn og får med oss historia til sjøsamane. Her har dei satsa på historie, og me er godt nøgde med at me valde å stoppa.

Ved BerlevågMe må ta eit vegval i Tana bru. Skal me ta med oss fire timar ekstra køyring til Berlevåg eller ikkje? Filmen Heftig og begeistret har gjort såpass inntrykk at valet er lett. Me angrar ikkje. Naturen utover er spektakulær. Fjella har fargar og formasjonar som me ikkje har sett maken til før. Det går fort utover. Me kjem ned til sjøen. Dei svarte klippene konkurrerer om merksemda med grøne åsar.

Svolten melder seg, og me sporar opp Kongsfjord gjestehus, som skal vera ei matoppleving utanom det vanlege. Dei skiltar med dagens fisk. Det skulle smaka, etter reinen i indre strok. Kongsfjordingane skuffar. Det einaste dei har på menyen er fiskekaker. Dei seier ikkje kvifor det er slik, og stoppar ikkje ved bordet lenge nok til at me får spørja. I forbifarten mumlar eigaren at det har vore stor trafikk i dag. Fiskekakene er heimelaga og gode nok, men fiskekaker er fiskekaker. Ein og ein halv potet er heller ikkje noko å skryta over for svoltne sjeler. Me vil koma oss vidare, og betalar. Då kjem den største overraskinga. Dei skal ha 180 kroner porsjonen! Det var fiskekakene på ingen måte verd. Høflege som me er, seier me ingen ting og berre tuslar ut. Me tek oss tid til ein tur opp på åsen til kanonstillinga frå krigen, og nyt endå ein gong det fantastiske utsynet. Deretter ber det mot Berlevåg.

BerlevågI Berlevåg er det berre måsen som er ute. Me benkar oss til på Anchor pub for ny semifinale. Det er ikkje mange fleire sjeler der. Åtte-ni personar sit med god avstand og stirar på skjermen. Samhaldet frå Heftig og begeistret er langt unna. Mannskoret må vera på ferie. Alle reiser seg og går når kampen er slutt. Me følgjer opp. Det er så folketomt at det er mest freistande å koma seg på vegen att. Me stoppar berre og vandrar ut på moloen med dei gigantiske betongelementa, som vernar mot stormar frå Nordpolen.

Me køyrer heilt til Tana bru, der me finn ein idyllisk plett langs fjorden og set opp teltet.

Han ligg der livlaus, midt i køyrebana. Men han pustar. Det kjem blod ut av munnvika.

Dag 5: Tana bru – Honningsvåg – Knivskjellodden – Ytre Sortvik

Det går fort over Ifjordfjellet. Me hadde tenkt å stoppa ved Silffar canyon, men såg ikkje noko skilt om dette. Oppover langs Porsangerfjorden tetnar det til med trafikk. Bilskilta talar eit tydelig språk. Det er turistar. Tyskarar, franskmenn og nederlenderar dominerer. Dei blir endå meir imponerte enn oss over alle reinsflokkane som dukkar opp langs vegen. Me er i godt humør og i god fart. (Sjølvsagt ikkje over fartsgrensa.)

Då skjer det: Eit rart dyr byksar ut i vegen. Det er på veg over. Me bremsar hardt. Så snur det. Det byksar tilbake. Me har stive hjul. Det er umogleg å unngå. Dunk! Det kjennest som at me køyrer over med alle fire hjul. Me stoppar og spring ut. Han ligg der livlaus, midt i køyrebana. Men han pustar. Det kjem blod ut av munnvika. Det er eit sørgjeleg og vanskeleg val, men me må berre gjera slutt på pinslene hans. Kvil i fred, du vakre oter. Kvifor måtte du absolutt snu, når du var nesten over? Kva hadde du eigentleg på europavegen å gjera?

 

Tause køyrer me vidare. Det er ikkje like moro no. Ikkje mange ord blir sagt før me kjem til Honningsvåg. Sjølv ikkje bompengane på 186 kroner, gjer noko større inntrykk. Det finst viktigare ting i livet.

Nordkapp stig opp av havet til høgre, altså søraust. Dei steile øyane Storstappen og Kirkestappen dukkar opp mot sørvest.

Me kjøper pizza på Corner i Honningsvåg. Endeleg ein stad der det er mange lokale folk ute. Men me har større mål for kvelden, og sluttar oss til den lange rekkja av turistar på veg til Nordkapp. Det er berre ein skilnad. Me har ikkje tenkt å nøya oss med det nest nordlegaste punktet i Europa. Sørvestover frå KnivskjelloddenMe skal heilt ut på det nordlegaste, Knivskjellodden. Me vandrar av garde med freidig mot. Ni kilometer kvar veg er ikkje så langt. Etter ein halvtime treffer me på nokre motlause italienarar som kan fortelja at dei har brukt tre timar kvar veg så langt. Hm, om me følgjer deira tempo, vil det vera midt på natta me er tilbake. Det er berre å gå på. Den kraftige motvinden stilnar av ettersom me nærmar oss. Ute på odden er det mildt og stilt. Me har brukt ein time og femti minutt. Nordishavet ligg framføre oss. Det er kaldt i vatnet. Nordkapp stig opp av havet til høgre, altså søraust. Dei steile øyane Storstappen og Kirkestappen dukkar opp mot sørvest. Likevel, me hadde ei større kjensle av å vera på verdas ende i Hamningberg. Me brukar litt lengre tid heim, men ikkje verre enn at me har gjort unna tur retur 18 km på under fire timar i rein gangtid. Nemnde eg forresten alle reinsflokkane me såg på turen?

NordkappFør me snur mot sør att, køyrer me bortom Nordkapplatået. Me snur bilen ved bommen som seier at det kostar 195 kr per snute å køyra innom sjølve platået. Det kan ikkje vera verd så mykje å nå den turistmaskina som er å finna på det nest nordlegaste punktet i Europa. 

 Det er eit stykke før me finn ein usjenert og høveleg teltplass. Det har dessutan byrja å regna. Gamlevegen ved Ytre Sortvik vert tilhaldsstaden denne natta. Før me sovnar som steinar, sender me nokre tankar til oteren. Les vidare i del tre.

Tags:

Om Gunnar Hæreid


Fullt navn
Gunnar O. Hæreid

Fødsesdato
1 jan 1900

Motto
Elvis lever!

Vis fullstendig brukerprofil

Io.no – Et lite søk unna!
Finn bedrifter i Tromsø.

Liker du å dra på konserter, kino eller teater?

Bli med i TromsoBy.no da vel :-)