Finnmark rundt på sju dagar: Kilpisjärvi - Kautokeino - Karasjok – Vardø


Av Gunnar Hæreid
I Tromsø sa dei at det ikkje var mogleg. Det er for langt, og for lite tid. Ei veke er på ingen måte nok. Men me prøvde, og me klarte det. Så vidt. To søringar gjorde Finnmark på ei veke.

Det vart mykje køyring, mykje rein, mykje natur og mykje mygg. Og få stille stunder.

Dag 1: Tromsø – Kilpisjärvi - Kautokeino

Den kvite Subaru Justyen er fullasta. Den som har greie på bil, veit at me snakkar om den minste bilen Subaru har å tilby, nesten på storleik med ein Morris Mini. Bilen er pakka full av niste, telt, liggjeunderlag, klede for fire årstider, sko for alle typar underlag, ei fiskestong, og ein gitar. Det skulle dekkja det meste.

Me rullar innover Troms og kjem snart til Finland. Greitt med ein rast ved innsjøen Kilpisjärvi. Det tek ikkje lang tid før me merkar kven som regjerer på desse kantane. Det er myggen. Han kjem frå alle vinklar, og stikk så godt han kan. Det er ikkje vits i å bli sitjande å nyta synet av innsjøen. Bilen er tilfluktsrom godt nok.

Me rekk innom ein bensinstasjon for bunkring av bensin, myggmiddel, molteis og finsk øl. Det er alt me får ut av Finland denne gongen. Landskapet er ein lang geisp, og det er greitt å byta på å køyra så me ikkje sovnar av keisemd.

Vel framme i Kautokeino er det lett å finna campingplass. Me tenkjer som så at det er greitt å ha ein dusj tilgjengeleg etter ein varm dag i bil utan tempering. Jau då. Det er godt plass til det vesle teltet. Det kostar ”berre” 150 kr å plassera det på plenen. Altfor dyrt for tilgang til grønt gras, do og dusj, men me er trøytte etter køyreturen og orkar ikkje protestera. Før me skal installera oss, spør me kvar dusjen finst. Dama forklarar retninga og legg til: ”Ja, det kostar forresten ti kr for seks minutt. De må ha myntar!” Hm. Me har altså betalt 150 kr for tilgang til grøn plen og eit stinkande toalett. Ikkje nett billeg.
Det sit ein einaste gjest der inne, i baren, og han gjev oss det vonde auget.
Neste prosjekt er å fanga middagsmat. Når me bur enkelt, skal me i alle fall eta godt. Det er enklare sagt enn gjort. På puben Nasti forklarar servetrisa at ho byrja der i går, og har ikkje så god greie på alle variasjonane av reinskjøt som finst på menyen. Det osar mikrobølgjer lang veg. Det sit ein einaste gjest der inne, i baren, og han gjev oss det vonde auget. Turistar er det siste han kan tenkja seg å sjå. Me bestemmer oss for å gje staden ein sjanse, og tingar røykt reinsdyrkjøt. Etter ein runde på telefonen, kjem jenta i baren og seier at det har dei diverre ikkje. Då går me. Det vonde auget hevar seg idet me opnar døra og går ut.

På Alfreds kro er det slutt på middagsservering kl 20. Me er ein halvtime for seint ute. Men dei har pizzaservering i Mara pub i kjellaren. Jippi!!! Me får godt etande pizza, og av ein eller annan grunn skal dei ikkje ha meir enn knappe 90 kr for ein pizza til to. Det kjem innom ein og annan lokal helt og hentar pizza. Elles har me lokalet for oss sjølve. Kautokeino ein sundagskveld er definitivt ikkje den store utedagen.

Nemnde eg myggen? Han er stor. Han er aggressiv. Han har mange vener. Han er tørst. Blodtapet gjer oss svimle. Det er berre ein ting å gjera, søkja tilflukt i teltet. Dit kjem han ikkje inn!


Dag 2: Kautokeino - Karasjok – Vardø

Myggen er vaken. Det varme veret skremmer han ikkje. Det klør over alt. Men det finske myggmiddelet gjer nytta si, og lindrar kløen.
Frontruta er fylt av daude innsekt. Me hemnar oss!

Me gjer unna Juuhls’ sølvsmie. Utruleg mykje artig kunsthandverk og snurrepiperiar. Så står Karasjok for tur. Det går fort over vidda. Frontruta er fylt av daude innsekt. Me hemnar oss!

I den arkitektoniske perla Sametinget får me gratis omvising. Interessant! I dei samiske samlingane ser me korleis samane har budd i vinter- og sommarleirar, og me ser ein film om det spirituelle opphavet. Greitt nok, men kanskje burde det også vore meir om historia til samane? Den store restaurantlavvoen er imponerande nok. Dei serverer knallgod mat – rein sjølvsagt. Me har lavvoen heilt for oss sjølve, og skjønar godt at dei må ta seg skikkeleg betalt.

Det byrjar å regna. Me susar ut til Vardø utan å sjå stort. Dyrekjøpte røynsler frå eit regntungt Roskilde seier at teltet ikkje er skapt for regnversnetter. Det er berre å bita i graset og ta inn på gjestehus. Stemma på telefonen seier at han skal ha 350 kr for eit dobbeltrom. Me trur han tullar, men nei. Så billeg kan ein bu i hus i Finnmark!

Nattelivet ein måndagskveld i Vardø er eit lite hakk betre enn sundagskvelden i Kautokeino. Men ikkje mykje. Me tek ein øl på Meieriet, der det er to-tre andre gjester. Me overhøyrer den eine diskutera med servitrisa om han var full eller ikkje dagen før. Dei vert til slutt samde om at han ikkje var full. Dei gjev oss vaflar på huset, og me luskar glade og nøgde til gjestehuset. Me blir godt våte, men kva gjer vel det? Det er i alle fall ikkje mygg der! Les vidare i del to.

Tags:

gleder meg til neste uke !

dette var bra lesing. jeg vil gjerne høre mer fra sørringan, -det gir jo perspektiver, -ikke at jeg har vært så mye i finnmark enda da.

god sommer ! (no som han har komt)

robert

Kirkenes?

Hoppet dere over å kjøre til Kirkenes?
Uten Kirkenes (lille Moskva) og en tur opp i Pasviks unike natur på turen, blir det ikke akurat Finnmark rundt.

Kirkenes?

Ein kan diverre ikkje få med alt. Kirkenes tapte for Berlevåg denne gongen. Neste gong...

Om Gunnar Hæreid


Fullt navn
Gunnar O. Hæreid

Fødsesdato
1 jan 1900

Motto
Elvis lever!

Vis fullstendig brukerprofil



Liker du å dra på konserter, kino eller teater?

Bli med i TromsoBy.no da vel :-)